Kvifor er det så tungvint å få tak i data og statistikk for reiselivet?
Dette spørsmålet vart starten på ei gründerreise, og på utviklinga av ei heilt ny løysing for reiselivsnæringa.
Eg heiter Lars Røyrhus og er gründer av Byteform AS. Det heile starta då eg skulle byggje eit statistikkdashbord for reiselivet. Frustrasjonen over dyre rapportar, kompliserte og lite brukarvennlege verktøy vart starten på løysinga.
Ein enklare kvardag for aktørar i reiselivet
Byteform er ei løysing som serverer brukaren dei dataene ein treng: Ein sjølvbetent dataplattform for reiselivet. Målet er å gi brukarane rask og enkel tilgang til relevant statistikk og innsikt, utan at det går på kostnad av tid, pris eller brukarvennlegheit. Ambisjonen er at det skal vere like enkelt å hente innsikt som å bestille ein burger på McDonald’s.
Gründer Lars med Kunnskapsparken Vestland.
Kven er løysinga for?
Status Reiseliv er utvikla for aktørar som treng påliteleg og oppdatert innsikt i reiselivsnæringa, mellom anna:
Destinasjonsselskap
Kommunar og fylkeskommunar
Statlege aktørar
Konsulentselskap
Forsking, høgskuler og universitet
Frå idé til testing
Prosjektet er i dag i utviklings- og brukartestingsfase, der målet er å sikre at løysinga faktisk svarar på behova i bransjen, på ein enkel og intuitiv måte.
Utviklinga er mogleg takka vere verdifull støtte frå Kunnskapsparken Vestland AS, Innovasjon Norge gjennom tilskot frå Oppstart 1, og Sparebanken Vest sitt næringsfond.
Vil du vite meir?
Ta kontakt eller registrer deg for oppdateringer her.