Byteform på gründerkveld under Teknologiveka i Årdal

Byteform i god driv

Under Teknologiveka i Årdal Byteform gleda av å halde innlegg på Gründer- og SMB-kveld på Årdal Teknologipark.

Kvelden samla gründarar, næringsliv og støttespelarar frå regionen, og bød på ærlege og inspirerande historier om alt frå idé og oppstart til vekst, motgang og ambisjonar. Byteform heldt innlegg denne kvelden og delte erfaringar frå eiga gründerreise. Takket vere eit sterkt støttemiljø i Sogn er selskapet i god driv og har store mål framover, noko som speglar situasjonen til fleire av gründarane som stod på scena denne kvelden.

Finansiering og stå-på vilje

For meg var det viktig å vise at det faktisk er mogleg å få finansiering til å validere ein forretningsmodell utan mykje eigenkapital, også som enkeltmannsføretak. Samtidig er det ingen snarveg: Det krev stor eigeninnsats, struktur og vilje til å stå i usikkerheit over tid.

Her har støtta og råda frå gjengen i Kunnskapsparken Vestland AS spelt ei heilt avgjerande rolle. Eit godt støttenettverk kan vere skilnaden på å stoppe opp, og å kome vidare.

Arrangementet viste tydeleg kva som er mogleg når gründarar, kompetansemiljø og verkemiddelapparat spelar på lag. Ein stor takk til alle som bidreg til dette økosystemet:
Sogn Næring, Kunnskapsparken Vestland AS, Innovasjon Norge, Årdal Utvikling og Sogn Sparebank.

Også ein stor takk går til Årdal Utvikling og Kunnskapsparken Vestland AS for invitasjonen og for eit svært godt gjennomført arrangement.

Frå panelsamtale med gründare i Sogn.

Neste
Neste

Kvifor er det så tungvint å få tak i data og statistikk for reiselivet?